Language (NO)
Lette løysingar

HISTORIE

Milepælar i Vartdal Plast si historie


 

1961 Oppstart

Vartdal Plastindustri AS vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961, og var den første bedrifta i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS).

1965 Verdas første fiskekasse i EPS

I 1965 la vi lista for korleis Vartdal Plast ynskjer å stå fram i markedet. Innovasjon og utvikling har sidan vore vår sterkaste drivkraft.
 

1986 Brann

Kunden alltid først! Vartdal Plast brann ned til grunnen i 1986. Med fleksibilitet og omstillingsevne sørga vi for at ingen kundar var berørte.

1993 Vartdal Airbox

På første k(l)asse til pakketurpris. I 1993 gjorde vi det igjen. Vartdal Airbox opna for nye marked og norsk laks kunne konkurrere over heile verda.

1995 Byggsatsing

Den tradisjonelle isolasjonsplata har sidan starten vore ein del av Vartdal Plast sin produksjon.
Frå midten av 90-talet har vi vidareutvikla forretningsområde bygg med nye produkt og nye lokasjonar. Dette gjer oss til ein landsdekkjande totalleverandør av isolasjonsprodukt.

2005 Gel Ice

Tørrdistribusjon av ferskvarer gir nye moglegheiter.

2007 World Star Ekornes

Samarbeid gir gode resultat. Vartdal vann emballasjepris saman med Peterson Packaging og Ekornes.

2010 Ny Fabrikk Ualand

For å kome nærare kundane bygde Vartdal Plast i 2010 fabrikk for produksjon av byggisolasjon på Ualand like ved Egersund i Rogaland.  

 

2011 EPSBOX og miljøprisen

Vartdal Plastindustri AS vann i 2011 både design- og miljøprisen for sitt produkt EPSBox. Med fokus på mindre emballasje og meir produkt fører dette både til reduserte transportkostnader og mindre utslepp.

2012 Superfresh

Med fokus på å betre kundane sine moglegheiter for transport av ferskvarer utvikla Vartdal Plast ein ny skreddarsydd CO₂-emitter som bevarer kvalitet og smak gjennom verdikjeda. Superfresh er eit produktspesifikt pakkesystem som kan nyttast til ulike råvarer som til dømes laks, torsk og kylling. Superfresh bidreg til lengre haldbarheit og mindre svinn på ferskvarer! 

2015 Nytt lager Lillestrøm

I februar 2015 opna Vartdal Plast lager utanfor Oslo. Selskapet ynskjer med dette å bidra til optimalisering av vareflyten og å betre service og leveringspresisjon for kundane på Austlandet.