Language (NO)
Lette løysingar

 

BEREKRAFT

Fokus på ressursutnytting

Med produksjon langs norskekysten er vi opptekne av å gjere det vi kan for å minimere miljøpåverknaden vår. Vi har strenge miljøstyringsprosedyrer for produksjonen. Det å sikre effektiv bruk av naturressursane er ein viktig del av miljøarbeidet vårt. Og til slutt tek vi ansvar for at produkta våre kan ta del i andre kretsløp etter bruk gjennom medlemskapet vårt i Grønt Punkt Norge AS. På denne måten viser vi at vi bryr oss. 

 

Gjenvinning

Brukt EPS kan resirkulerast 100 %, men då gjennom smelting og omdanning til polystyren. Det gjenvunne materialet vert brukt i andre plastprodukt som hagemøblar, blomsterpotter o.l.

Brukt EPS kan brennast i forbrenningsanlegg og gje eit nyttig tilskot til fjernvarmeproduksjonen.
EPS har same brennverdi som olje.

I anlegga vert EPS blanda med andre avfallsstoff. Materialet vert fullstendig forbrent ved ein temperatur på over 800 grader Celsius, og gjev berre frå seg CO2-gass og vatn. Den norske bransjeorganisasjonen for EPS-produsentar (PIF) arbeider aktivt med å organisere retur- og gjenvinningsordningar for EPS.

 

Bruksfordelar

EPS er det materialet som gjev minst miljøpåverknad i bygg, sidan EPS for kommersielle føremål innan bygg og anlegg er klassifisert som A+. EPS reduserer CO2-utsleppa med opp til 50 %, noko som gjer at det meir enn gjer opp for det vesle karbonavtrykket sitt og gjev maksimalt utbyte av minimal ressursbruk.

Den låge vekta gjer EPS til det lettaste av alle byggjemateriale i vanleg bruk, noko som bidreg til å redusere miljøkonsekvensane og kostnadene ved transport samanlikna med tyngre materiale.

Les meir om miljø og EPS på EPS-gruppa si heimeside 

 

 

Grønt punkt

Vartdal Plastindustri er medlem av Grønt punkt. Vi vil at produkta våre skal bli til noko nytt etter bruk. Grønt Punkt sørgjer for at produkta våre får ta del i fleire kretsløp – og at dei då etterlet seg så små fotspor som mogleg i naturen.

Iso-sertifisert

Sertifikat ihht ISO 14001 som viser til vårt styringssystem når det kjem til kontroll på forureining av ytre miljø.

Sertifikat ihht ISO 9001som er sertifikat på vårt kvalitetsstyringssystem.