Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Sikker Oppbevaring

raskt og monteringsvenleg

Lenge brukte vi garasjen til å parkere bilen. No er garasjen ofte ein kombinasjon av biloppstillingsplass, carport,  hobbyrom og verkstad  – og rommar ofte ei heil samling av hagereiskapar, grasklipparar, syklar og ski. Uansett bruksområde er byggjemateriala like viktige! 

Val av Vartdal Ringmur eller produkt som Vartdal L-Element til garasje gjer byggjeprosessen rask og effektiv. Dei er enkle å montere og har låg vekt slik at du slepp tunge løft. Når støypinga er unnagjord, har du ferdige isolerte vegger utan kuldebruer som kan skape riss og skader i ei betongplate. 

Vartdal Garasjeelement

Vartdal Garasjeelement er eit kantelement med betongkjerne på 100mm og utvendig og innvendig betongfiberplate. Det vert montert direkte på eit komprimert og avretta grunlag. Fleksibel, rask og enkel løysing.

 

Vartdal L-Element

Vartdal L-Element er eit kantelement for golv på grunn. Det vert montert direkte på eit komprimert og avretta gruslag. Fleksibel, rask og enkel løysing.


Vartdal Ringmur

Elementa har ferdigbehandla overflate og tosidig isolering. Ringmurelementet er tilpassa yttervegger som er 150 mm tjukke. Elementet er utforma slik at den innvendige golvløysinga kan utførast enkelt og samtidig gi ei fullgod isolasjonsløysing.

 

Eit godt fundament gjev eit godt utgangspunkt for den vidare bygginga av garasja.

 

AKTUELLE PRODUKTER

Ringmur

Plate på mark på 1 - 2 - 3 Vartdal Ringmurelement - forskaling og isolasjon i eitt for golv på grunn 

Garasjeelement

Vartdal Garasjeelement har alle typer fundamentløsninger til  – enkeltgarasje, dobbel garasje, garasje med eller uten loft, carport eller rekkegarasjer. 

L-Element

Vartdal L-Element er eit kantelement for golv på grunn. Det vert montert direkte på komprimert og avretta gruslag. Fleksibel, rask og enkel løysing.

 

Styropor EPS

Ekspandert polystyren (EPS) er den vanligste skumplastisolasjonen og innheld 98% luft.
STYROPOR (EPS) - det ligg i lufta.

Folie/Duk

Vi lagerfører eit breitt sortiment av dampsperrer for golv, vegger og tak. Vintermatter for frost og tele og filt for drensplater lagerføres.