Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Renovering

betre bukomfort og betre inneklima


Vartdal Plast har fleire produkt og system som eignar seg ypperleg til rehabilitering av eksisterande bustader, mellom anna grunnmursplater for kjellarvegg som både isolerer og drenerer, og isolerande fasadeplater med god heft for puss.

Ved å rehabilitere bustaden vil du få lågare fyringsutgifter, betre bukomfort, betre inneklima, auka bustadverdi og betre energimerking. 
 

Vartdal Drensplater XPS

For drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger. Isolasjonsmateriale i grunnen vert utsette for harde fuktpåkjenningar. Difor er det viktig å bruke materiale med minimalt fuktopptak. Grunnmurplatene våre er laga av eit homogent materiale med lukka cellestruktur, slik at minimalt med fukt trengjer inn i produktet. Materiale som vert oppfukta, har dårlegare varmeisolerande eigenskapar.

Vartdal Drensplater EPS

For drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger.

 

Vartdal Styropor EPS

I eit typisk fasadeprosjekt vil kostnaden for ekstra Vartdal Styropor eller Neopor EPS-isolasjon vere tent inn igjen på eit par år. Vanlegvis er det Vartdal Styropor EPS S80 eller S150 som blir brukt til fasaderenovering. 
Vartdal Styropor eller Neopor EPS isolasjonsplater har svært god heft og er suverene å pusse på. Platene blir festa med lim og mekanisk med plastplugg.
Dette gjev ein varig flott fasade for bygget, og krev minimalt med vedlikehald.
 

Renovering av kjellarvegg

Vartdal Drensplater i EPS eller XPS for utvendig isolering av kjellar har mykje å seie for energibruken i et bygg, og straumrekninga vil minke umiddelbart etter at jobben er gjort. I tillegg blir innemiljøet betre fordi ein kan fjerne eventuelle fuktproblem, og det blir enklare å halde ein komfortabel temperatur i romma. Vartdal Drensplater vernar grunnmuren og forlengjer bygget si levetid.

 

AKTUELLE PRODUKTER

Neopor EPS

Innovasjon innan EPS-isolasjon, opp til 20% mer effektiv! 

Styropor EPS

Ekspandert polystyren (EPS) er den vanligste skumplastisolasjonen og innheld 98% luft.
STYROPOR (EPS) - det ligg i lufta.

Vartdal XPS

XPS isolasjonsplater er sterke, vasstette og har svært stor vassdampmotstand, noko som at dei eignar seg godt for mange bruksområder. 

Høyeffektiv isolering

Høyeffektiv isolering er en serie produkter med overlegen isolasjonsevne.
 

Drensplater

Etter bygningsforskriftene skal ein om mogleg isolere kjellarveggene på utsida.

Grunnplate

Icopal har utviklet grunnplater med spesialtilpassede egenskaper som sørger for optimal beskyttelse og varig drenering. Platene beskytter grunnmur, kjeller og tak mot fukt.

Folie/Duk

Vi lagerfører eit breitt sortiment av dampsperrer for golv, vegger og tak. Vintermatter for frost og tele og filt for drensplater lagerføres.