Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Styropor EPS

Vartdal Plastindustri AS sitt produktnamn på EPS er Styropor. Ved produksjon av Styropor ekspanderer ein opp polystyren til lette kuler. Dette er dei same kulene som ein finn i Saccosekker. Under trykk og oppvarming bind desse kulene seg saman og kan dermed formast til store blokker. Desse blokkene skjer vi sidan til ulike storleikar som passar til varesortimentet vårt.

Ekspandert polystyren, EPS, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til isolering av bygningskonstruksjonar. EPS består av lukka celler som inneheld ca. 98 % luft.
EPS har framifrå isolasjonseigenskapar, låg fuktabsorpsjon og høg trykkfastheit.

Styropor har lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar. Den mest selde er Styropor S80. Denne vert brukt m.a. til isolering under bustader. Den toler 24 KN pr. kvadratmeter i langtidslast. Tilsvarer 2,4 tonn.
Den kraftigaste plata vår er Styropor 300. Den toler 90 KN pr. kvadratmeter i langtidslast. All Styropor er kvit.

Bruksområde: Styropor EPS kan brukast som isolasjon i alle deler av bygningen, frå grunn til tak. Med Styropor EPS sikrar du bygningen mot kulde, vind og fukt.
Styropor har låg vekt og er lett å handtere.
 

Styropor 

Spesifikasjonar Standard Eining SE 60 SE 80 SE 100 SE 150 SE 200 SE 300
Deklarert varmekonduktivitet λD NS 12667
el. NS 12939
W/mK 0,041 0,038 0,037 0,035 0,034 0,033
Trykkfastleik (Brotlast)
10% deformasjon korttid
NS 826 kN/m² 60 80 100 150 200 300
Langtidslast (Brukslast) 2%
krypdeformasjon etter 50 år
NS 1606 kN/m² 18 24 30 45 60 90
Fuktopptak, neddykka NS 12087 Vol% < 4 < 4 < 4 < 4 < 4 < 4
Bøyefastleik

NS 12089
Metode B

kN/m² > 50 > 50 > 50 > 50 > 50 > 50
Brannklasse     F F F F F F
 


 

Dokumentasjon

Forhåndsvis eller last ned i PDF-format

EPD

  • Styropor S60

    Varenr: S60

    Ekspandert polystyren, EPS S60, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til isolering av bygningskonstruksjonar / Elementindustri.

  • Styropor S80

    Varenr: S80

    Styropor EPS kan brukast som isolasjon i alle deler av bygningen, frå grunn til tak. Med Styropor EPS sikrar du bygningen mot kulde, vind og fukt. Styropor har låg vekt og er lett å handtere.

  • Styropor S150

    Varenr: S150

    Ekspandert polystyren, EPS S150, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til industri / garasjeplater der du har større fare for fukt i eller over byggkonstruksjon evt. tilbakefylling.

  • Styropor S200

    Varenr: S200

    Ekspandert polystyren, EPS S200, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til industri / industriområde med strøttekrav til laster.

  • Styropor S300

    Varenr: S300

    Ekspandert polystyren, EPS S300, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til vei og industriområde der du har større krav til laster.