Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Drensplater

KJELLARVEGGER Etter bygningsforskriftene skal ein om mogleg isolere kjellarveggene på utsida. Då blir den berande konstruksjonen varm og får best mogleg fuktteknisk funksjon. Ved utvendig isolering er isolasjonen utsett for dei same risikoane som ved teleisolasjon. Finnfoam veggisolasjonsplater CW-300/100 mm er enkle å montere og gir både varmeisolasjon og vasstrykkisolasjon, eventuelt kan ein bruke drensplater. Denne konstruksjonsløysinga sparer monalege arbeidskostnader, og den fukttekniske funksjonen til sokkelen blir betre. Vatn kan ikkje trengje inn i isolasjonen utanfrå, og vatnet blir leidd ut i ei dreneringsgrøft via riller i overflata. Vassdamp som blir danna på innsida, blir på si side leidd bort langs store riller i isolasjonen mot veggen og ut i ei dreneringsgrøft, der deltrykket i vassdampen vanlegvis er på sitt lågaste på grunn av den låge temperaturen. Løysingar med varmeisolasjon på innsida av kjellarvegger er alltid svært risikable. Innvendig isolering av kjellarveggen med tett Finnfoam gir minst mogleg risiko når Finnfoam-platene blir monterte samanhengande rett på den berande veggen ved hjelp av saneringsmørtel. Reisverk må ikkje brukast. På denne måten vil det ikkje oppstå fuktige luftlommer der muggen trivest.

DRENSPLATER (EPS)

For drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger. Plate med freste spor.

 

DRENSPLATER (XPS)

For drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger. Isolasjonsmaterialar i grunnen vert utsette for harde fuktpåkjenningar. Difor er det viktig å bruke materialar med minimalt fuktopptak. Grunnmurplatene våre er laga av eit homogent materiale med lukka cellestruktur, slik at minimalt med fukt trengjer inn i produktet. Materialar som vert oppfukta, har dårlegare varmeisolerande eigenskapar.

 

Dokumentasjon

Forhåndsvis eller last ned i PDF-format

  • Vartdal Drensplater EPS

    Varenr: DRL05

    Etter bygningsforskriftene skal ein om mogleg isolere kjellarveggene på utsida.

  • Vartdal Drensplater XPS

    Varenr: DRX10

    Isolasjonsmaterialar i grunnen vert utsette for harde fuktpåkjenningar.

  • Dukstift

    Varenr: DU01

    Brukast til feste av fiberduk til Vartdal Drensplater® i XPS.

  • Fiberduk drensplaster

    Varenr: FID01

    Nyttast som filter for å hindre gjenslamming på XPS drensplater - veiduk kan og nyttast som filter på Vartdal XPS Drensplater. 

  • Topplist for drensplater i aluminium

    Varenr: OL

    Drensplate avsluttingslist, 50 mm eller 100 mm alt etter rett isolasjonstjukkleik, skal festast på muren på terrengnivå