Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Neopor EPS



 
Vartdal Plast var den første leverandøren av Neoporgrafittplater i Noreg inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling og gir materialet ei sølvgrå, skinande overflate. 

Materialet absorberer og reflekterer infraraude strålar som minkar varmeleiingsevna drastisk. Slik kan isolasjon laga av Neopor® vere 20 % tynnare enn standard isolasjon laga av Styropor®. Dette er grunnen til at moderne Neopor® eignar seg langt betre enn andre materiale til isolasjon. Fasadeisolering med 20 % betre isoleringsevne enn ordinær eps!
Fasadeisolasjon av Neopor gir eit sunt og komfortabelt bumiljø. Ein sparer energi og unngår store temperatursvingingar og sprekker i utvendige overflater. Med bruk av Neopor® kan ein oppfylle dei auka krava i byggforskriftene utan å auke isolasjonstjukkelsen. Dette bidreg til betre logistikk og det vert mindre volum å handtere. Flate tak er svært utsette for høge termiske belastningar. Neopor® vernar taket mot desse påkjenningane og gir eit konsekvent høgt termisk vern.
 

Neopor 

Spesifikasjonar Standard Eining NE 60 NE 80 NE 150
Deklarert varmekonduktivitet λD NS 12667
el. NS 12939
W/mK 0,032 0,031 0,031
Trykkfastleik (Brotlast)
10% deformasjon korttid
NS 826 kN/m² 60 80 150
Langtidslast (Brukslast) 2%
krypdeformasjon etter 50 år
NS 1606 kN/m² 18 24 45
Fuktopptak, neddykka NS 12087 Vol% < 4 < 4 < 4
Bøyefastleik

NS 12089
Metode B

kN/m² > 50 > 50 > 50
Brannklasse     E E E

 

Dokumentasjon

Forhåndsvis eller last ned i PDF-format

EPD

  • Neopor N60

    Varenr: N60

    Neopor N60. Denne vert brukt m.a. til isolering av betongelement / konstruksjoner. Den toler 18 kn/m2 i langtidslast.
     

  • Neopor N80

    Varenr: N80

    Neopor N80. Denne vert brukt m.a. til isolering av enebolig / elementindustri. Den toler 25 kn/m2 i langtidslast. 25 KN tilsvarer litt over 2,5 tonn.

  • Neopor N150

    Varenr: N150

    Neopor N150. Denne vert brukt m.a. til isolering av industrigulv evt. tilbakefylling. Den toler 45 kn/m2 i langtidslast. 45 KN tilsvarer litt over 4,5 tonn.