Language (NO)

BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Ringmur

Ringmurelement med ferdigbehandla overflate – forskaling og isolasjon i eitt – for bruk til golv på grunn. 

Vartdal ringmurelement er eit unikt system for golv på grunn. Elementa har ferdigbehandla overflate og tosidig isolering. Ringmurelementet er tilpassa ytterveggar som er 148-198+ mm tjukke. Elementet er utforma slik at den innvendige golvløysinga kan utførast enkelt og samtidig gi ei fullgod isolasjonsløysing.

Kvifor velje våre Ringmurelement?
• Enkel montering
• God isolasjonsevne
• Ferdig behandla utvendig
• Enkel og  rask montering
• Ferdige hjørneløysingar
• Kan nyttast ved ulike grunnforhold
• Lågt varmetap
• Godt vern mot kapillaritet og fuktvandring
• Komplett system


Vartdal Ringmur vert framstilt av STYROPOR S150 som tilfredsstiller klasse 35 (0,035 W/mk) etter den nye standarden EN-13163. Yttersida av elementet er pålimt ei 6 mm hardpressa fiberelementplate som tilfredsstiller NBI (EOTA) sine krav til støytmotstand og gir ei vedlikehaldsfri overflate.

Vartdal Ringmur standard (VRS)
Vartdal Ringmur vert levert med standard lengde 1150 mm og i høgder på 300 mm (VRS-300), 450 mm (VRS-450), 600 mm (VRS-600) og 750 mm (VRS-750). Elementet vert levert med nót og fjør for enkel montering. På førespurnad kan Vartdal Ringmur leverast i andre høgder enn dei som er nemnde ovanfor. Ringmurelement i Styropor (EPS) er ei utbreidd løysing som er mykje brukt av profesjonelle entreprenørar og utbyggjarar. Årsaka til dette er den unike kombinasjonen av forskaling, isolasjon og ferdig pussa utvendig overflate. Dette sikrar den utførande entreprenøren, og kunden, ei løysing som er hundre prosent i samsvar med byggjeforskriftene.

Vartdal Ringmur (VRU) - (Lik topp som botn)
Vartdal Ringmur kan òg leverast i ein versjon med lik topp og botn, VRU i høgder på 300 mm (VRU-300), 450 mm (VRU-450), 600 mm (VRU-600)
benyttast ved veggar tjukkare en 198mm, og bygg der det stillast ekstra krav til isolering, f.eks lavenergiboligar. Elementene monteres på avretta byggjegrunn utan behov for forskaling. 

 

Betongforbruk:
 
Type Høgde Ca. forbruk
Vartdal Ringmur VRS31 300 mm 34 l pr. løpemeter
Vartdal Ringmur VRS351 350 mm 41 l pr. løpemeter
Vartdal Ringmur VRS41 450 mm 53 l pr. løpemeter
Vartdal Ringmur VRS61 600 mm 75 l pr. løpemeter
Vartdal Ringmur VRS71 750mm 94 l pr. løpemeter
Vartdal Soleblokk VSE26 260mm 68 l pr. løpemeter
Vartdal Garasjeelement 400mm 30 l pr. løpemeter
   
   














 

Dokumentasjon

Forhåndsvis eller last ned i PDF-format

DOP

TG

FDV

Autocad

Brosjyre

Linje_Punktlast

Ringmur 300mm

  • Opne 300mm

    Varenr: VRS31

    VRS31 - Vartdal Ringmur. Høgde 300 open
    250X1150X300 mm

  • Utvendig hjørne 300mm

    Varenr: VRS32

    VRS32 - Vartdal Ringmur. Høgde 300 open
    250X1400X300 mm

  • Innvendig hjørne 300mm

    Varenr: VRS33

    VRS33 - Vartdal Ringmur. Høgde 300 open
    250X1150X300 mm

Ringmur 450mm

  • Opne 450mm

    Varenr: VRS41

    VRS41 - Vartdal Ringmur. Høgde 450 open
    250X1150X450 mm

  • Utvendig hjørne 450mm

    Varenr: VRS42

    VRS42 - Vartdal Ringmur. Høgde 450 utvendig hjørne
    250X1400X450 mm

  • Innvendig hjørne 450mm

    Varenr: VRS43

    VRS43 - Vartdal Ringmur. Høgde 450 Innvendig hjørne
    250X1150X450 mm

Ringmur 600mm

  • Opne 600mm

    Varenr: VRS61

    VRS61 - Vartdal Ringmur. Høgde 600 Open
    250X1150X600 mm

  • Utvendig hjørne 600mm

    Varenr: VRS62

    VRS62 - Vartdal Ringmur. Høgde 600 utvendig hjørne
    250X1400X600 mm

  • Innvendig hjørne 600mm

    Varenr: VRS63

    VRS63 - Vartdal Ringmur. Høgde 600 Innvendig hjørne
    250X1150X600 mm

Tilbehøyr

  • Soleblokk 260mm

    Varenr: VSE26

    Soleblokk høgde 260 x bredde 470 x lengde 1200 mm. (Betong bredde 320 mm.)
    Soleblokk brukast ved dårlege grunnforhold der det krevst større fundamentbreidde.

  • Ringmur Elementlås

    Varenr: VRS01

    Vartdal Ringmur elementlåsane som følgjer med, skal brukast der ein må tilpasse elementet til veggen si lengde. 

  • Festekile

    Varenr: L02

    Festekile "Haikjeft" 180mm. Festekile for låsing av isolasjon, Ringmur, L-element eller Soleblokk. 

  • Ringmur skøytelist

    Varenr: Vrss

    Skøytelist blir ført ned mellom sementfiberplate. Leveres i høgde 300mm, 450mm og 600mm.

  • Fugemasse 0,3L

    Varenr: VRS04

    Vartdal Ringmur/L-element/Isoleringselement har ferdig påmontert fibersementplate, på alle skøytar mellom fibersementplatene nyttar ein vedlagt fugemasse.

     

  • Vartdal XPS 250

    Varenr: FL2505

    250 kvalitet - For telesikring og isolering av lette fundament, garasje, boder, støttemurar, terrassar o.l. Plastskruar for montering av isolasjonsplater mot vegg og tak 

  • Radonsperre / duk

    Varenr: Ico2000

    Icopal RMB400 - Radonsperre 25m2, 50m2, 100m2

  • Radon svillemembran 200mm

    Varenr: ico1998

    Radon svillemembran (RMB400) 15meter for Vartdal Ringmur