Language (NO)
Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Nytt sentrallager i Farexvegen 21

Farexvegen 21, 2016 Frogner

- ring 70048300 for bestilling eller ta kontakt med din lokale byggjevarehandel
for henting av varer eller utkøyring.

Austlandet er ein viktig marknad for oss. Eit lokalt sentrallager med alt av byggjevarer sikrar kort og presis leveringstid for kundane våre på Austlandet.
Dette gjev kundane våre større fleksibilitet. Kortare avstand mellom sentrallageret og kundar gjev òg miljøgevinstar i form av reduserte transportbehov.

I tillegg til lager av EPS/XPS-plate, mineralull, forskalingssystem som Ringmur og Vartdal Veggsystem, kan lageret på Frogner supplere byggjevarekundar i austlandsområdet og dei tilgrensande områda.

 

Lagerførte produkt i Farexvegen

Styropor EPS

Vartdal Plastindustri AS sitt produktnamn på EPS er Styropor. Styropor blir produsert ved å ekspandere polystyren til lette kuler. Styropor EPS  kan brukast som isolering i alle delar av ein bygning, frå grunn til tak. Med Styropor EPS sikrar du bygningen mot kulde, vind og fukt. Styropor har låg vekt og er lett å handtere. Styropor har lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar.

Neopor EPS

Neopor kan brukast som isolering i alle delar av ein byging, frå grunn til tak. Materialet inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling. Dette gjer at Neopor isolerar opp til 20% betre enn Styropor®. EPS reduserer volumet og fraktkostnadane og vernar såleis miljøet og omgjevnadene, samtidig som det gjev ein økonomisk gevinst.

Vartdal XPS

Vartdal XPS er ekstrudert polystyren, og vert nytta som markisolasjon sidan materialet verken morknar eller rotnar. Vartdal XPS har svært lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar.

 

Mineralull

Takisolasjon av Vartdal Mineralull er løysinga når det gjeld ubrennbar isolering for kompakte tak og kombinasjonsløysingar med brennbar og ubrennbar isolering.

Vi kan tilby eit komplett sortiment for flate tak med UPL 30, KPL 50, TPL 70 og TPL 80. I tillegg til at vi kan levere ulike trykkstyrker, har vi òg fall-løysingar 1:40, 1:60, 1:100 og kilar.