Language (NO)
Lette løysingar

INNOVASJON

Eit kontinuerleg arbeid

Vartdal Plastindustri AS har sidan starten i 1961 vore leiande innan innovasjon og produktutvikling. Vi tek kundane med i produktutviklinga, fordi vi har erfart at samarbeid og deling av kunnskap gjev dei gode resultata. To hovud tenkjer betre enn eitt, og saman finn vi ei løysing!  

Vi jobbar òg aktivt saman med forskingsinstitusjonar som SINTEF, Møreforskning og NOFIMA for å utvikle nye produkt. Vi tek gjerne i bruk ny teknologi for å lage enno betre produkt til gode for kundane våre.

Superfresh - forlenga haldbarheit

Superfresh er ein aktiv emballasje som består av ein CO²-emitter pakka i gasstett emballasje. Superfresh er utvikla gjennom fem år med forskning og testing i samarbeid med matforskningsinstitusjonen NOFIMA. Superfresh er meir  effektiv enn tradisjonell MAP-pakking, ved at man minkar mengde luft som trengs i emballasjen. Testar gjennomført på laks viser at laks kan halde seg fersk i inntil 20 dagar når han er pakka med denne metoden. Superfresh har også positiv effekt med tanke på haldbarheit på både kylling og sjømat.

EPS BOX- fiskekasse utan lokk

Gjennom eit patentert produksjonssystem som gjer det mogleg å feste film til EPS-emballasje, gjer dei tradisjonelle lokka overflødig. At filmen også toler at emballasjen blir løfta med vakuum er et stort pluss for både effektiv og helsebesparende handtering. Vektreduksjonen ved å fjerne lokk og redesigne emballasjen har ikkje berre ført til ein økonomisk gevinst. Livssyklusanalyser gjennomført av MISA viser at man kan redusere CO2-utslepp ved flyfrakt med inntil 10,6 %, og 6,2 % ved landtransport. Dette blir store tal når man ser tilbake på totalvolumet som blir transportert rundt omkring i verden.

Les meir