Language (NO)
Lette løysingar

LEDIGE STILLINGAR

Lyst å jobbe hos oss?

Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap med hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune og produksjonsavd. på Ualand i Lund kommune. Vi er i dag ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon. Vartdal Plastindustri AS har lang erfaring med framstilling av produkt basert på ekspanderbar polystyren (EPS) og har i dag fleire heileigde og deleigde moderne fabrikkar langs norskekysten. Vi er ei bedrift i stadig vekst og omset i dag for ca. 600 mill. i året og har 120 tilsette.

På denne sida lyser vi ut ledige stillingar i Vartdal Plast. Har du ønske om å jobbe hos oss, ta gjerne kontakt. Vi er stadig på utkik etter nye kollegaer som kan bidra til å nå gode resultat, og som kan identifisere seg med våre verdiar og haldningar. Vi har ein sterk kultur og eit godt arbeidsmiljø som er prega av gode medarbeidarar med respekt for kvarandre, for faget og for kunden.