Language (NO)
Lette løysingar
.

LOGISTIKK

Vi leverer der du er

Med eigne bilar og vårt eige transportselskap sørgjer vi for at produkta vert leverte direkte til byggjeplassen. Våre selskap har 45 vogntog til disposisjon. Dette sikrar at du får produkta dine leverte heilt fram til rett tid.

Lekkasjesikker emballasje som er lett å stable og som toler ”ein trøkk”, sparer brukarar og transportørar for kostnader og reklamasjonar og gjev betre totaløkonomi. Varer som kjem fram i rett tid og med kvaliteten intakt, styrkjer òg konkurranseevna di.

Distribusjon i Noreg

Med produksjon i Rogaland og på Sunnmøre, i tillegg til ved fleire deleigde fabrikkar langs norskekysten, sikrar vi effektiv distribusjon. Vartdal Plastindustri har, i samarbeid med VD Transport, eit eige rutesystem som dekkjer heile Sør-Noreg.

Vi tilbyr fleksible og skreddarsydde transport- og logistikkløysingar. VD Transport AS har fleire trekkvogner og vogntog med lukka skap for distribusjon av isolasjon og byggjevarer. Vartdal Plast ser distribusjonen som ein del av produksjonsprosessen, og stiller høge krav til samarbeidspartnarar når det gjeld leveringspresisjon.

Kontakt
VD Transport på tlf. 70 04 82 90  send oss en epost