Language (NO)

Lette løysingar

 

 

REDUKSJON AV MATSVINN

Med ni mrd til bords må vi tenke nytt

I 2050 er vi ni mrd menneske på jorda. Korleis handterer vi det? Vi ønskjer å sjå på korleis våre produkt kan bidra til å redusere matsvinn slik at vi kan utnytte meir av maten som i dag vert kasta. 

Svinn i verdikjeda

Maten som vert kasta i USA og Europa i dag kan fø 3 gongar jorda si befolkning. I Norge vert 25 % av all mat som vert produsert kasta. Vi har difor utvikla ein eigen produktserie som vi har kalla Superfresh. Produkta i denne serien er laga for å bevare den gode kvaliteten til matvarer lenger. Vi i Vartdal meiner at så lenge ein kan halde på god smak, farge og tekstur, er forlenga haldbarheit eit gode for alle.
 

www.nextgenerationfood.com

 

 

Gjenvinning

Brukt EPS kan resirkulerast til 100 % polystyren. Det gjenvunne materialet vert brukt i andre plastprodukt som hagemøblar, blomsterpotter o.l.

Brukt EPS kan brennast i forbrenningsanlegg og gje eit nyttig tilskot til fjernvarmeproduksjonen.
EPS har same brennverdi som olje.

Den norske bransjeorganisasjonen for EPS-produsentar (PIF) arbeider aktivt med å organisere retur- og gjenvinningsordningar for EPS.

Med produksjon langs norskekysten er vi opptekne av å gjere det vi kan for å minimere miljøpåverknaden vår. Vi har strenge miljøstyringsprosedyrer for produksjonen. Det å sikre effektiv bruk av naturressursane er ein viktig del av miljøarbeidet vårt. Og til slutt tek vi ansvar for at produkta våre kan ta del i andre kretsløp etter bruk gjennom medlemskapet vårt i Grønt punkt Norge AS. På denne måten viser vi at vi bryr oss. 

 

Framtidsscenario/mål

Vi ynskjer å vidareutvikle emballasjeløysingar som sikrar kvaliteten til norsk ferskfisk verda over.