Berekraftige løysingar

100 % Vartdal Plast

Vegen mot 100% sirkulære produkt


I mai 2020 etablerte vi anlegg for komprimering av EPS. 
Målet vårt er å samle inn, komprimere og få tilbake i loopen mest mogleg EPS. 
Om vi skal bidra til å bevare kloden vår, må vi hugse på plast er ein ressurs som kan brukast om igjen og om igjen. Dersom den blir brent er den borte for alltid.

EPS som vi samlar inn og komprimerer, får nytt liv som råstoff som kan brukast til å lage nye plastprodukt eller nytt EPS-råstoff.

Vi er stolte av å bidra til at plastavfall (ein ressurs) kjem tilbake i loopen.

I løpet av 2021 vil vi lansere fleire nye produkt som har sitt opphav frå resirkulert plast.
Den langsiktige målsettinga vår, er at alle våre produkt på sikt skal ha sitt opphav frå 100 % resirkulert plast. Dette er ei ambisiøs målsetting, men vi trur at denne utviklinga er både rett og uunngåeleg.  

Ved å gjenbruke plast, tek vi vare på kloden vår og dei fantastiske ressursane som den gir oss. 

Kjøper du produkt laga av 100 % resirkulert plast, bidrar du til å spare på ressursane.

Bli med på dette løftet du også!

- for ei berekraftig framtid