
BEREKRAFT
Fokus på ressursutnytting
Med produksjon i heile Noreg og langs norskekysten er vi opptekne av å gjere det vi kan for å minimere miljøpåverknaden vår. Vi har strenge miljøstyringsprosedyrar for produksjonen. Det å sikre effektiv bruk av naturressursane er ein viktig del av miljøarbeidet vårt. Vi tek også ansvar for at produkta våre kan ta del i andre kretsløp etter bruk gjennom medlemskapet vårt i Grønt Punkt Norge AS. I samarbeid med blant andre Grønt Punkt Norge AS, har vi starta anlegg for komprimering av EPS på Liadal i Ørsta kommune. Ved hjelp av returtransport med eigne bilar, samlar vi inn EPS frå avfallssasjonar og andre oppsamlingspunkt og leverer til anlegget på Liadal der EPSen blir komprimert. Vidare sørgjer vi for at den komprimerte EPSen blir materialgjenvunne som råstoff til nye plastprodukt. Dette gjer vi for å bidra til å skape ei berekraftig framtid.
|
![]() |
|
|
|
|
Grønt punktVartdal Plastindustri er medlem av Grønt punkt. Vi vil at produkta våre skal bli til noko nytt etter bruk. Grønt Punkt sørgjer for at produkta våre får ta del i fleire kretsløp – og at dei då etterlet seg så små fotspor som mogleg i naturen. |
![]() |
ISO-sertifisertSertifisert iht. ISO 14001:2015, som viser til vårt styringssystem når det kjem til kontroll på forureining av ytre miljø.Sertifisert iht. ISO 9001:2015, som viser til vårt kvalitetsstyringssystem. Last ned sertifikat her. ![]() Våre etiske retningslinjer |
![]() |