Renovering
betre bukomfort og betre inneklima

Vartdal Plast har fleire produkt og system som eignar seg ypperleg til rehabilitering av eksisterande bustader, mellom anna grunnmursplater for kjellarvegg som både isolerer og drenerer, og isolerande fasadeplater med god heft for puss.
Ved å rehabilitere bustaden vil du få lågare fyringsutgifter, betre bukomfort, betre inneklima, auka bustadverdi og betre energimerking.
![]() Vartdal Drensplater XPSFor drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger. Isolasjonsmateriale i grunnen vert utsette for harde fuktpåkjenningar. Difor er det viktig å bruke materiale med minimalt fuktopptak. Grunnmurplatene våre er laga av eit homogent materiale med lukka cellestruktur, slik at minimalt med fukt trengjer inn i produktet. Materiale som vert oppfukta, har dårlegare varmeisolerande eigenskapar. |
![]() Vartdal Drensplater EPSFor drenering og utvendig isolering av kjellaryttervegger.
|
![]() Vartdal Styropor EPSI eit typisk fasadeprosjekt vil kostnaden for ekstra Vartdal Styropor eller Neopor EPS-isolasjon vere tent inn igjen på eit par år. Vanlegvis er det Vartdal Styropor EPS S80 eller S150 som blir brukt til fasaderenovering.Vartdal Styropor eller Neopor EPS isolasjonsplater har svært god heft og er suverene å pusse på. Platene blir festa med lim og mekanisk med plastplugg. Dette gjev ein varig flott fasade for bygget, og krev minimalt med vedlikehald. |
Renovering av kjellarvegg
Vartdal Drensplater i EPS eller XPS for utvendig isolering av kjellar har mykje å seie for energibruken i et bygg, og straumrekninga vil minke umiddelbart etter at jobben er gjort. I tillegg blir innemiljøet betre fordi ein kan fjerne eventuelle fuktproblem, og det blir enklare å halde ein komfortabel temperatur i romma. Vartdal Drensplater vernar grunnmuren og forlengjer bygget si levetid.
AKTUELLE PRODUKTER

Neopor EPS
Innovasjon innan EPS-isolasjon, opp til 20% mer effektiv!

Styropor EPS
Ekspandert polystyren (EPS) er den vanligste skumplastisolasjonen og innheld 98% luft.
STYROPOR (EPS) - det ligg i lufta.

Vartdal XPS
XPS isolasjonsplater er sterke, vasstette og har svært stor vassdampmotstand, noko som gjer at dei eignar seg godt for mange bruksområder.

PIR-Isolasjon
PIR er lette og effektive isolasjonsplater framstilt av polyuretan.

Drensplater
Etter bygningsforskriftene skal ein om mogleg isolere kjellarveggene på utsida.

Isoleringselement / Kantelement
Vartdal Isoleringselement er eit varmeisolerande forskalingselement utvikla
for plasstøypt ringmur/fundament, og som isolasjon ved forskaling av lave støttemurar.

Grunnplate
Isola har utviklet grunnplater med spesialtilpassede egenskaper som sørger for optimal beskyttelse og varig drenering. Platene beskytter grunnmur, kjeller og tak mot fukt.