BYGG

Isolasjon og konstruksjonsløysingar

VARTDAL RINGMUR LOOP

VARTDAL RINGMUR LOOP  

er den same tradisjonsrike ringmuren som alle kjenner frå før, men no laga av råstoff framstilt av 100 % resirkulert plast.
Ved å bruke Vartdal Ringmur LOOP bidreg du til at plast som elles hadde blitt brend, får nytt liv som fundament til huset ditt.

Med VARTDAL RINGMUR LOOP får du forskaling og isolasjon i eitt, eit unikt system for golv på grunn. Elementa har ferdigbehandla overflate og tosidig isolering. Ringmurelementet er tilpassa ytterveggar som er 148-198+ mm tjukke. Elementet er utforma slik at den innvendige golvløysinga kan utførast enkelt og samtidig gi ei fullgod isolasjonsløysing.

Kvifor velje VARTDAL RINGMUR LOOP?
• Miljøvenleg produkt
• God isolasjonsevne
• Ferdig behandla utvendig
• Enkel og  rask montering
• Ferdige hjørneløysingar
• Kan nyttast ved ulike grunnforhold
• Lågt varmetap
• Godt vern mot kapillaritet og fuktvandring
• Komplett system

VARTDAL RINGMUR LOOP vert framstilt av råstoffet Styropor Ccycled. For å framstille Styropor Ccycled vert fossil råvare heilt i starten av produksjonsprosessen bytta ut med pyrolyseolje som er laga av plastavfall. Eigenskapane til Ccycled-råstoffet er akkurat dei same som for det tradisjonelle råstoffet og såleis blir ytelsen til VARTDAL RINGMUR LOOP like god som den tradisjonelle ringmuren. At VARTDAL RINGMUR LOOP inneheld 100 % resirkulert plast er stadfesta av ECOLOOP.



VARTDAL RINGMUR LOOP blir støypt i S150-kvalitet, som tilfredsstiller klasse 35 (0,035 W/mk) etter den nye standarden EN-13163.
Yttersida ringmurselementet er pålimt ei 6 mm hardpressa fiberelementplate som tilfredsstiller NBI (EOTA) sine krav til støytmotstand og gir ei vedlikehaldsfri overflate.

Ta vare på miljøet når du skal velje ringmuren til huset ditt - kjøp VARTDAL RINGMUR LOOP.

Dokumentasjon

Forhåndsvis eller last ned i PDF-format

TG Vartdal Ringmur og Vartdal Ringmur LOOP
Ecoloop-sertifikat