NEOPOR EPS

Vartdal Plast var den første leverandøren av Neoporgrafittplater i Noreg Inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling og gir materialet ei sølvgrå, skinande overflate. Materialet absorberer og reflekterer infraraude strålar som minkar varmeleiingsevna drastisk. Slik kan isolasjon laga av Neopor® vere 20 % tynnare enn standard isolasjon laga av Styropor®. Dette er grunnen til at moderne Neopor® eignar seg langt betre enn andre materiale til isolasjon. Fasadeisolering med 20 % betre isoleringsevne enn ordinær eps! Fasadeisolasjon av Neopor gir eit sunt og komfortabelt bumiljø. Ein sparer energi og unngår store temperatursvingingar og sprekker i utvendige overflater. Med bruk av Neopor® kan ein oppfylle dei auka krava i byggforskriftene utan å auke isolasjonstjukkelsen. Dette bidreg til betre logistikk og det vert mindre volum å handtere. Flate tak er svært utsette for høge termiske belastningar. Neopor® vernar taket mot desse påkjenningane og gir eit konsekvent høgt termisk vern.
Download pdf
Dokumentasjon
Forhåndsvis eller lastned i PDF-format
- NEOPOR EPS N60

NEOPOR EPS N60
Ekspandert polystyren av Neopor, EPS N60, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til isolering av bygningskonstruksjonar / Elementindustri. - Isolasjonen er også sjølvslukkande
Ekspandert polystyren av Neopor, EPS N60, er den skumplastisolasjonen som er mest brukt til isolering av bygningskonstruksjonar / Elementindustri. - Isolasjonen er også sjølvslukkande. Neopor kan nå leveres som selvslukkende gjennom nytt materiale. Produktet inneholder ikke HKFK/HFK.
EPS består av lukka celler som inneheld ca. 98% luft.
EPS har framifrå isolasjonseigenskapar, låg fuktabsorpsjon og høg trykkfastheit.
Neopor har lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar. Neopor N60. Denne vert brukt m.a. til isolering av betongelement/konstruksjoner. Den toler 18 KN pr. kvadratmeter i langtidslast.