Isolasjon og konstruksjonsløysingar

Nytt sentrallager i Fautvegen 7

Fautvegen 7, 2836 Biri

- ring 70048300 for bestilling eller ta kontakt med din lokale byggjevarehandel
for henting av varer eller utkøyring.

Austlandet er ein viktig marknad for oss. Eit lokalt sentrallager med alt av byggjevarer sikrar kort og presis leveringstid for kundane våre på Austlandet.
Dette gjev kundane våre større fleksibilitet. Kortare avstand mellom sentrallageret og kundar gjev òg miljøgevinstar i form av reduserte transportbehov.

I tillegg til lager av EPS/XPS-plater, forskalingssystem som Ringmur og Vartdal Veggsystem, kan lageret på Biri supplere byggjevarekundar i austlandsområdet og dei tilgrensande områda.

 

Lagerførte produkt i Fautvegen 7



 

Styropor EPS

Vartdal Plastindustri AS sitt produktnamn på EPS er Styropor. Styropor blir produsert ved å ekspandere polystyren til lette kuler. Styropor EPS  kan brukast som isolering i alle delar av ein bygning, frå grunn til tak. Med Styropor EPS sikrar du bygningen mot kulde, vind og fukt. Styropor har låg vekt og er lett å handtere. Styropor har lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar.

Vartdal XPS

Vartdal XPS er ekstrudert polystyren, og vert nytta som markisolasjon sidan materialet verken morknar eller rotnar. Vartdal XPS har svært lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar.