Lette løysingar

LEDIGE STILLINGAR

Lyst å jobbe hos oss?

Vartdal Plast er eitt av dei fremste selskapa i Noreg når det gjeld, utvikling og produksjon av emballasje til fiskeindustrien, isolasjon/forskalingssystem til byggindustrien og teknisk emballasje til møbel og kvitevareindustrien, framstilt av ekspandert polystyren (EPS). Hovudkontoret til Vartdal Plast ligg på Vartdal i Ørsta kommune (Møre og Romsdal). I tillegg til dette har bedrifta produksjonslokalitetar på Ualand (Rogaland), Hjelmeland (Rogaland), Biri (Oppland), Bodø (Norland) og logistikksenter i Sykkylven (Møre og Romsdal). Bedrifta opererer innan fire forretningsområde – fiskeemballasje, byggisolering, teknisk emballasje og logistikk. Konsernet har ei samla omsetning på ca. 850 mill. med om lag 220 tilsette. 
I tillegg har selskapet eigarinteresser både i Nesseplast AS, med produksjon på Nessane (Sogn og Fjordane) og på Bømlo (Hordaland), og i Atlantic Styro på Lovund (Nordland).

På denne sida lyser vi ut ledige stillingar i Vartdal Plast. Har du ønske om å jobbe hos oss, ta gjerne kontakt. Vi er stadig på utkik etter nye kollegaer som kan bidra til å nå gode resultat, og som kan identifisere seg med våre verdiar og haldningar. Vi har ein sterk kultur og eit godt arbeidsmiljø som er prega av gode medarbeidarar med respekt for kvarandre, for faget og for kunden.

HR- og lønnsanvarlig

Vi søkjer etter rett person i nyoppretta stilling. Klikk på overskrifta for å sjå stillingsannonsen.


Sjåfør på Vartdal

Vi søkjer etter sjåfør i 100 % stilling til vår avdeling på Vartdal.  Klikk på overskrifta for å sjå stillingsannonsen.