REDUKSJON AV MATSVINN
Med ni mrd til bords må vi tenke nytt
I 2050 er vi ni mrd menneske på jorda. Korleis handterer vi det? Vi ønskjer å sjå på korleis våre produkt kan bidra til å redusere matsvinn slik at vi kan utnytte meir av maten som i dag vert kasta.
Svinn i verdikjedaMaten som vert kasta i USA og Europa i dag kan fø 3 gongar jorda si befolkning. I Norge vert 25 % av all mat som vert produsert kasta. Vi har difor utvikla ein eigen produktserie som vi har kalla Superfresh. Produkta i denne serien er laga for å bevare den gode kvaliteten til matvarer lenger. Vi i Vartdal meiner at så lenge ein kan halde på god smak, farge og tekstur, er forlenga haldbarheit eit gode for alle.www.nextgenerationfood.com |
|
GjenvinningBrukt EPS kan resirkulerast til 100 % polystyren. Det gjenvunne materialet vert brukt i andre plastprodukt som hagemøblar, blomsterpotter o.l. |
|
Framtidsscenario/målVi ynskjer å vidareutvikle emballasjeløysingar som sikrar kvaliteten til norsk ferskfisk verda over. |
|
|