Lette løysingar
 
.

Media og nyheitsarkiv

Miljøsamarbeid mellom Vartdal Plast og Bygger'n

Publisert: 25/01/21    Oppdatert: 25/01/21
I mai 2020 etablerte Vartdal Plast komprimeringsanlegg for EPS (på folkemunne isopor).
Tanken var ganske enkelt å hente EPS frå miljøstasjonar og byggeplassar, komprimere denne og bidra til at den komprimerte plasten får nytt liv som råstoff til nye plastprodukt. Henting frå miljøstasjonar har auka månad for månad, men henting frå byggeplass har vist seg å vere meir krevjande å få til ein god logistikk på, fram til no.

Parallelt med Vartdal Plast si satsing, har Bygger’n jobba med å utvikle ei eiga løysing for innsamling av avfall frå byggeplassar, inkludert EPS. Bygger’n har utvikla ein eigen app der byggeplassane kan melde inn at dei har avfall klart for henting. Ved hjelp av eigne EL-bilar stasjonert i Trondheim og Namsos, som vert brukt til levering av mindre varer på byggeplass, tek dei EPS (og anna avfall) i retur og leverer dette til sentrallageret i Heimdal. Den innsamla EPSen vert henta av Vartdal Plast som returfrakt med eigne vogntog, levert til anlegget på Liadal i Ørsta kommune, komprimert og sendt vidare for omgjering til nytt råstoff.

«Heilt sidan oppstarten har vi sagt at her må vi leggje vekk kalkulatorane og tenkje løysing og handling. Vi er veldig glade for å ha funne ein samarbeidspartner som tenkjer på same måten og som er like opptatt av klimarekneskapen som vi er», seier Jarl Sandnes, Salgssjef Bygg i Vartdal Plast.

I fyste omgang er fokuset vårt på stor-Trøndelag med Heimdal som base, men det ligg i korta at dette er ei løysing som kan kopierast over heile landet.

«Det denne bransjen treng er aktørar som gjennom samarbeid ser på moglegheitene på tvers av sine forretningsområde for å bidra til ei meir berekraftig næring. Det blir gøy å samarbeide og utvikle dette konseptet med Vartdal Plast», stadfestar Markus Sletten Berget, Markedsdirektør Proff i Bygger’n.

Link til pressemelding.
 

Siste nytt

Vartdal Plast og Paroc etablerer samarbeid

23/11/22
Paroc og Vartdal Plast går sammen om å levere komplette løsninger for steinull, og steinull i kombinasjon med EPS til det norske tak-markedet.

Vartdal Plast og Cermaq styrker samarbeidet

18/01/22
Vartdal Plast og Cermaq styrker samarbeidet innen drift, og utvikling av sirkulære emballasjeløsninger.

Vartdal Plast styrker emballasjesatsningen

03/01/22
Vi ønsker Bjørn Berg velkommen til #teamvartdal

FREMTIDENS FISKEKASSE ER SIRKULÆR

14/12/21
Bremnes Seashore først i verden til å kommersielt ta i bruk en sirkulær EPS-fiskekasse.

EKORNES VELGER VARTDAL LOOP

04/11/21
EKORNES, BASF OG VARTDAL PLAST SAMARBEIDER OM BRUK AV NYTT RÅSTOFF FOR BESKYTTENDE EMBALLASJE FOR EKORNES-MØBLER, SOM GIR LAVERE KARBONAVTRYKK.