.
Publisert:
09/02/21
Oppdatert: 16/08/21
23/11/22
18/01/22
14/12/21
04/11/21
Media og nyheitsarkiv
Vartdal Plast lanserer VARTDAL RINGMUR LOOP

Vartdal Plast tar nye steg mot målet å tilby 100 % sirkulære produkt for alle forretningsområda til selskapet og lanserer produktserien VARTDAL LOOP®. Det første produktet i serien er Vartdal Ringmur LOOP.
I samarbeid med råstoffprodusenten BASF lanserer Vartdal Plast, eit formstøypt produkt for byggevaremarknaden der råstoffet som er brukt er laga av kjemisk resirkulert plastavfall.
Med produktserien VARTDAL LOOP® markerer Vartdal Plast ein ny viktig milepel i satsinga på sirkulære produkt innanfor alle forretningsområda til selskapet.
Namnet VARTDAL LOOP® er valt fordi alle produkta i serien stammar frå 100 % resirkulert plast eller frå ikkje-fossile råvarekjelder. Plastavfall som før vart brend blir ein del av loopen og blir brukt som råvare av BASF. Råvara blir kalla pyrolyseolje og erstattar delvis fossil olje, som vanlegvis blir brukt i framstillinga av polystyren. Mengda av resirkulert råvare er fordelt til spesifikke produkt med tilnamnet Ccycled™ ifølgje massebalanseprinsippet, sertifisert av ein tredjepart. Denne sertifiseringa garanterer at mengda resirkulert råvare som trengs for å produsere eit Ccycled™-produkt, vart teken i bruk heilt i oppstarten av produksjonen. Ccycled™ står for Chemically Recycled.
Polystyrenråstoff framstilt av pyrolyseolje har nøyaktig same «DNA» som råstoff framstilt av fossil olje, og på denne måten har Vartdal Ringmur LOOP nøyaktig dei same eigenskapane som den tradisjonelle ringmuren. Det same gjeld for alle andre produkt i VARTDAL LOOP-serien. I tillegg til Vartdal Ringmur LOOP, vil Vartdal Plast mellom anna tilby emballasje med matvaregodkjenning og andre emballasjeprodukt i VARTDAL LOOP®-serien, noko som er ei stor nyvinning for selskapet og for bransjen.
«Dette er ein merkedag i EPS-bransjen si historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda», seier dagleg leiar i Vartdal Plast-konsernet Jan Endre Vartdal, og held fram: «BASF har vore vår samarbeidspartnar heilt sidan vi starta Vartdal Plast, og det er difor utruleg stort å få vere det første selskapet i verda som tek råstoffet med namnet Ccycled™ i bruk i byggprodukt».
Vartdal Plast har markert seg innanfor innsamling og gjenvinning av EPS. Satsinga på nye produkt av resirkulert plast og ikkje-fossile råvarer er ei naturleg fortsetjing av dette arbeidet. Med VARTDAL LOOP®-serien vil Vartdal Plast appellere til dei miljøbevisste kundane.
«Det grøne skiftet er over oss, og vi trur at det er mange miljøbevisste kundar der ute. For å skape forandringa som er nødvendig, må vi handle no. Dette er berre starten og vi vil kome med fleire produkt framover som vil sette nye standardar når det gjeld CO2 fotavtrykk, men som har dei same gode produkteigenskapane som kundane våre allereie kjenner til», avsluttar Jan Endre Vartdal.
Vartdal Ringmur LOOP er produsert av 100 % resirkulert materiale, sertifisert av ecoloop.

Siste nytt
Vartdal Plast og Paroc etablerer samarbeid

Paroc og Vartdal Plast går sammen om å levere komplette løsninger for steinull, og steinull i kombinasjon med EPS til det norske tak-markedet.
Vartdal Plast og Cermaq styrker samarbeidet

Vartdal Plast og Cermaq styrker samarbeidet innen drift, og utvikling av sirkulære emballasjeløsninger.
FREMTIDENS FISKEKASSE ER SIRKULÆR

Bremnes Seashore først i verden til å kommersielt ta i bruk en sirkulær EPS-fiskekasse.
EKORNES VELGER VARTDAL LOOP

EKORNES, BASF OG VARTDAL PLAST SAMARBEIDER OM BRUK AV NYTT RÅSTOFF FOR BESKYTTENDE EMBALLASJE FOR EKORNES-MØBLER, SOM GIR LAVERE KARBONAVTRYKK.