Neopor EPS
![]() |
![]() |
Materialet absorberer og reflekterer infraraude strålar som minkar varmeleiingsevna drastisk. Slik kan isolasjon laga av Neopor® vere 20 % tynnare enn standard isolasjon laga av Styropor®. Dette er grunnen til at moderne Neopor® eignar seg langt betre enn andre materiale til isolasjon. Fasadeisolering med 20 % betre isoleringsevne enn ordinær eps!
Fasadeisolasjon av Neopor gir eit sunt og komfortabelt bumiljø. Ein sparer energi og unngår store temperatursvingingar og sprekker i utvendige overflater. Med bruk av Neopor® kan ein oppfylle dei auka krava i byggforskriftene utan å auke isolasjonstjukkelsen. Dette bidreg til betre logistikk og det vert mindre volum å handtere. Flate tak er svært utsette for høge termiske belastningar. Neopor® vernar taket mot desse påkjenningane og gir eit konsekvent høgt termisk vern.
Neopor
Spesifikasjonar | Standard | Eining | NE 60 | NE 80 | NE 150 |
---|---|---|---|---|---|
Deklarert varmekonduktivitet λD | NS 12667 el. NS 12939 |
W/mK | 0,032 | 0,031 | 0,031 |
Trykkfastleik (Brotlast) 10% deformasjon korttid |
NS 826 | kN/m² | 60 | 80 | 150 |
Langtidslast (Brukslast) 2% krypdeformasjon etter 50 år |
NS 1606 | kN/m² | 18 | 24 | 45 |
Fuktopptak, neddykka | NS 12087 | Vol% | < 4 | < 4 | < 4 |
Bøyefastleik |
NS 12089 |
kN/m² | > 50 | > 50 | > 50 |
Brannklasse | E | E | E |
-
Neopor N60
Varenr: N60
Neopor N60. Denne vert brukt m.a. til isolering av betongelement / konstruksjoner. Den toler 18 kn/m2 i langtidslast.
-
Neopor N80
Varenr: N80
Neopor N80. Denne vert brukt m.a. til isolering av enebolig / elementindustri. Den toler 25 kn/m2 i langtidslast. 25 KN tilsvarer litt over 2,5 tonn.
-
Neopor N150
Varenr: N150
Neopor N150. Denne vert brukt m.a. til isolering av industrigulv evt. tilbakefylling. Den toler 45 kn/m2 i langtidslast. 45 KN tilsvarer litt over 4,5 tonn.
-
VARTDAL ISOLASJONSKUTTER
Varenr: SPC3014
To-i-eitt-pakke for enklare kapping på byggeplass.