TEKNOLOGI
PRODUKSJONSMETODAR
![]() |
FormskjeringVed formskjering vert materialet kutta med ein varm tråd. Denne produksjonssmetoden passar godt til produkt med ein mindre kompleks geometri. Formskjering er eit fint val ved behov for mindre kvantitet. |
![]() |
FormstøypingVed formstøyping lagar vi ei støypeform for produktet vi skal lage. Denne produksjonsmetoden gjer at ein kan produsere produkt med meir kompleks geometri enn ved formskjering. På Vartdal har vi Skandinavias største enkeltfabrikk innan formstøyping. |
MATERIAL
![]() |
Styropor® EPSVartdal Plastindustri AS sitt produktnamn på EPS er Styropor®. Ved produksjon av Styropor® ekspanderer ein opp polystyren til lette kuler. Styropor® EPS kan brukast som isolering i alle deler av bygninga, frå grunn til tak. Med Styropor® EPS sikrar du bygninga mot kulde, vind og fukt. Styropor har lav vekt og er lett å handtere. Styropor® har lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar og tjukkleikar. |
![]() |
Neopor® EPSNeopor® kan brukast som isolering i alle delar av byginga, frå grunn til tak. Materialet inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling. Dette gjer at Neopor® isolerer opptil 20% betre enn Styropor® EPS, reduserer volumet og fraktkostnadene verner miljøet og omgjevnadane kombinert med ein økonomisk gevinst. Les meir |
![]() |
FinnfoamVartdal Plast sitt produktnavn på XPS er Finnfoam. Finnfoam er ekstrudert polystyren, og vert nytta som markisolasjon då materialet verken morknar eller rotnar. Finnfoam har svært lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar og tjukkleikar. Les meir |