Language (NO)
Lette løysingar

Om oss

 



 

Organisasjon/selskapet
Vartdal Plastindustri AS har hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune. Vi er i dag ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon, og har tre heileigde og tre deleigde fabrikkar langs norskekysten. Vi etablerte lager for byggjevarer på austlandet i 2015.

Visjon
Kunden alltid først! - er vår visjon. Vi skal vere imøtekomande, fleksible og leveringsdyktige og våre kundar skal alltid sitje i høgsetet. Dette er ein visjon som ligg i ryggmargen på dei som jobbar her anten det er i administrasjon, lager, transport eller produksjon.

Eigarskap
Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap som vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961. Bedrifta var den første i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS). Bedrifta har vidareført Jan Vartdal sine idear i nært samarbeid med kundane. Innovasjon og produktutvikling har heile tida stått sentralt. I dag er det tredje generasjon som driv bedrifta.

Økonomi
Gjennom å bygge stein på stein i ei årrekkje har Vartdal Plast bygd seg til eit selskap som står støtt og som har anledning til å satse på innovasjon og vidareutvikling av selskapet.

Fabrikkar
På Vartdal har vi den største fabrikken for formstøyping av EPS i Skandinavia.  Isolasjon vert produsert både på Vartdal og på Ualand i Lund kommune. Ferskfiskemballasje vert produsert på Vartdal og på Hjelmeland (K-Plast, kjøpt 100 % i 2015). Vi har og tre deleigde fabrikkar langs norskekysten som produserer ferskfiskemballasje. Gjennom dette kan vi handtere større avtalar med landsdekkjande kundar.