HISTORIE
Milepælar i Vartdal Plast si historie

![]() |
1961 OppstartVartdal Plastindustri AS vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961, og var den første bedrifta i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS). Håvard Vartdal tok over styringa av selskapet i 1967 og bygde stein på stein heilt til 3. generasjon tok over roret i 1997. Søskena Jan Endre, Sindre og Ingvild, har sidan halde fram å utvikle selskapet med utgangspunkt i det same verdigrunnlaget og den same visjonen - Kunden Alltid Først! |
![]() |
1965 Verdas første fiskekasse i EPSI 1965 la vi lista for korleis Vartdal Plast ynskjer å stå fram i marknaden. Innovasjon og utvikling har sidan vore vår sterkaste drivkraft. |
![]() |
1986 BrannKunden alltid først! Vartdal Plast brann ned til grunnen i 1986. Med fleksibilitet og omstillingsevne sørga vi for at ingen kundar vart berørte. |
![]() |
1993 Vartdal AirboxPå første k(l)asse til pakketurpris. I 1993 gjorde vi det igjen. Vartdal Airbox opna for nye marknader og norsk laks kunne konkurrere over heile verda. |
![]() |
1995 ByggsatsingDen tradisjonelle isolasjonsplata har sidan starten vore ein del av Vartdal Plast sin produksjon. |
![]() |
2005 Gel-IceTørrdistribusjon av ferskvarer gir nye moglegheiter. Vartdal Plast var tidleg ute med Gel-Ice i 2005. I dag ser vi at satsinga var riktig, sjølv om det tok nokre år før marknaden verkeleg fekk opp augo for denne fantastiske løysinga. Vartdal Plast er den største produsenten i Noreg av Gel-Ice. Produktet blir mellom anna brukt som kjøling i lukka fiskekasser, til kjøling av legemiddel og som kjøling ved heimlevering av mat. |
|
2007 World Star EkornesSamarbeid gir gode resultat. Vartdal vann emballasjepris saman med Peterson Packaging og Ekornes. |
![]() |
2010 Ny fabrikk på UalandFor å kome nærare kundane bygde Vartdal Plast i 2010 fabrikk for produksjon av byggisolasjon på Ualand, like ved Egersund i Rogaland. Fabrikken har ei god plassering for distribusjon av våre byggprodukt i Rogaland og elles i vestlandsfylka, men også i store deler av austlandet. |
![]() |
2011 EPSBOX og miljøprisenVartdal Plastindustri AS vann i 2011 både design- og miljøprisen for sitt produkt EPSBox. Med fokus på mindre emballasje og meir produkt fører dette både til reduserte transportkostnader og mindre utslepp. |
![]() |
2012 SuperfreshMed fokus på å betre kundane sine moglegheiter for transport av ferskvarer utvikla Vartdal Plast ein ny skreddarsydd CO₂-emitter som bevarer kvalitet og smak gjennom verdikjeda. Superfresh er eit produktspesifikt pakkesystem som kan nyttast til ulike råvarer som til dømes laks, torsk og kylling. Superfresh bidreg til lengre haldbarheit og mindre svinn på ferskvarer! |
![]() ![]() |
2015 Overtaking av aksjane i selskapet K-PlastEtter å ha vore majoritetseigar i K-Plast AS på Hjelmeland i fleire år, kjøpte Vartdal Plast dei resterande aksjane i oktober 2015. Vi bygde vidare på den gode jobben som var gjort og i dag framstår fabrikken som ein veldriven og effektiv kassefabrikk. 2017 Kjøp av majoriteten i Nordic Isoelementer, Biri
|
![]() ![]() |
2019 Kjøp av aksjemajoriteten i Løvold Industri AS |
Løvold Industri AS har i mange år vore ein samarbeidspartnar for Vartdal Plast når det gjeld byggmarknaden frå Nordland og nordover. Som eit ledd i byggsatsinga til Vartdal Plast som ein landsdekkande totalleverandør, vart majoriteten av aksjane i Løvold Industri AS kjøpt i 2019. Løvold Industri AS har sidan opplevd ei positiv utvikling innanfor alle produktområda. |