Lette løysingar

Om oss

 

Fabrikkane våre

 

Opningstider / Åpningstider:
Alle kvardagar frå kl. 07.30 til 16.00
T: 70048300
E: vartdal@vartdalplast.no / bygg@vartdalplast.no 

Våre avdelingar:

Vartdal, Ualand, Hjelmeland, Biri og Bodø

I tillegg har vi logistikksenter i Straumgjerde (Sykkylven).

Organisasjon/selskapet
Vartdal Plastindustri AS har hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune. Vi er i dag ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon, og har fire heileigde og fire deleigde fabrikkar langs norskekysten. Vi kjøpte i 2017 majoriteten i selskapet Nordic Isoelementer på Biri og vi kjøpte resterande aksjar i 2019. Dette er produksjonseining, hovudlager og knytepunkt på austlandet innan forretningsområdet bygg. I 2018 kjøpte vi majoriteten i Løvold Industri AS i Bodø. Vi har sidan jobba saman for å utvikle fabrikken i Bodø til å bli ein solid fabrikk både innanfor byggprodukt, fiskekasser og industriemballasje. Vartdal Plast leverer der du er - i heile Noreg.

Visjon
Kunden alltid først! - er vår visjon. Vi skal vere imøtekomande, fleksible og leveringsdyktige og våre kundar skal alltid sitje i høgsetet. Dette er ein visjon som ligg i ryggmargen på dei som jobbar i selskapet, anten det er i administrasjon, lager, transport eller produksjon.

Eigarskap
Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap som vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961. Bedrifta var den første i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS) i 1965. Sonen, Håvard Vartdal, tok over drifta i 1967 og har vore ei drivkraft for utviklinga til selskapet. Bedrifta byggjer på innovasjon og hardt arbeid i nært samarbeid med kundane. Innovasjon og produktutvikling har heile tida stått sentralt. I dag er det tredje generasjon som driv bedrifta.

Økonomi
Gjennom å bygge stein på stein i ei årrekkje har Vartdal Plast bygd seg til eit selskap som står trygt og som har høve til å satse på innovasjon og vidareutvikling av selskapet.

Fabrikkar
På Vartdal har vi den største fabrikken for formstøyping av EPS i Skandinavia.  Isolasjon vert produsert både på Vartdal, Ualand, Biri og Bodø. På Biri produserer vi spesiallaga løysingar innanfor bygg og i tillegg lagerfører vi handelsvarer og andre Vartdal-produkt.
Ferskfiskemballasje vert produsert på Vartdal, Hjelmeland og i Bodø. Vi har i tillegg tre andre deleigde fabrikkar langs norskekysten som produserer ferskfiskemballasje. Gjennom dette kan vi handtere større avtalar med landsdekkjande kundar.